Airlift overtek losflygingane etter Lufttransport

1. juli 2017 startar kontraktsperioden med Kystverket. I seks år skal Airlift transportere norske losar til dei største fartøya, og til fartøy med farleg last. Storkontrakten betyr rundt hundre millionar kroner i året i auka omsetning. 

– 1. juli 2017 er ein stor dag og ein milepæl i vår historie. Dette er ein viktig kontrakt for oss, seier administrerande direktør i Airlift, Stian Hårklau. 

Først i Norge med nye helikopter

Dei største skipa som fører farleg og/eller forureinande last, og skal inn til terminalene Kårstø, Sture, Mongstad, Nyhavna eller Melkøya, skal ha los om bord. For å gjennomføre dei avanserte oppdraga med å frakte losane, er det no kjøpt inn tre nye helikopter.
– Tre flunkande nye helikopter av type AW169 er leverte frå Italia til Førde Lufthamn. Dei er utstyrte med ny teknologi, blant anna forlenga snute med innebygd radar- og navigasjonssystem. Vi er det første selskapet i Norge som tek i bruk eit slik helikopter. Norskekysten er knalltøff , og vi må kunne fly i utfordrande tilhøve, forklarer Hårklau.

Ønsker fleire oppdrag offshore

For Airlift er dette den største kontrakten nokosinne. Med nyetablerte basar i  Bergen og Hammerfest er Airlift godt rusta for å gå i gang med oppdraget. Kontrakten er viktig på fleire måtar.
– Å frakte losar ut og setje dei trygt ned på store skip i ope farvatn, har likskapar med andre offshoreoperasjonar. Saman med eigarane våre, og som ein del av NHV gruppa, ser Airlift   på kontrakten som ein grunnstein i arbeidet med å få fleire oppdrag i den norske offshoremarknaden, seier Hårklau. 

Det er Kystverket som er ansvarleg for lostenesta og som tildelte kontrakten til Airlift. I tillegg til pris er det tryggleiken for personell og stabilitet i leveransen som var avgjerande for val av selskap.


Meir info:
Administrerande direktør i Airlift
Stian Hårklau
+47 482 06 117