Airlift Onshore AS inngår avtale om kjøp av Heliscan AS frå Greenway AS og Heli-Holding AS

Airlift Onshore AS inngår avtale om kjøp av Heliscan AS frå Greenway AS og Heli-Holding AS

Airlift Onshore er frå før eigar av blant anna Airlift som er Nord Europa sitt leiande selskap innan helikoptertenester på land, og opererer i dag ein flåte på 15 helikopter. Airlift har sitt hovudkontor på Bringeland i Sunnfjord Kommune, og har basar lokalisert i Bergen, Kinsarvik, Stranda på Sunnmøre og i Tromsø. I tillegg har selskapet også helikopter lokalisert på Austlandet.

Heliscan har sin hovudbase på Frosta i Trøndelag, samt base i Østersund i Sverige. Selskapet opererer ein flåte på 12 helikopter, og har i tillegg lang erfaring innan teknisk vedlikehald av luftfartøy.

Den norske helikoptermarknaden har i lang tid vore moden for restrukturering, og leiarane i Heliscan og Airlift er svært glade for at dei to selskapa no får felles eigar.

-          Vi i Airlift har i lengre tid jobba for ei konsolidering i helikoptermarknaden i Norge. Bransjen er i dag prega av overkapasitet, og det er behov for større einingar som kan drive meir profesjonelt og effektivt. Vi i Airlift meiner vi har eit godt utgangspunkt for vidare vekst og utvikling, og saman med Heliscan styrkar vi vår posisjon betydeleg. Styrkinga skjer både gjennom større geografisk nedslagsfelt og stordriftsfordelar gjennom eit større felles volum, seier Stian Hårklau, administrerande direktør i Airlift.

Arnt Ring, som er administrerande direktør i Heliscan ser også stor verdi i transaksjonen.

-          Vi i Heliscan har over lengre tid hatt eit ynskje om å bli del av ei større gruppering, og gjennom salget til Airlift Onshore opplever vi at dette blir ein realitet. Vi har over mange år bygd opp ein betydeleg helikopteraktivitet i Midt Norge, og meiner der gjennom at vi utfyller Airlift på ein god måte. I fellesskap skal vi no levere eit endå betre tilbod til kundane våre enn det vi har gjort kvar for oss, seier Ring.

Dei to leiarane opplever at kundane i stadig større grad etterspør landsdekkande og meir komplette tenester, det kan dei to selskapa no levere i endå større grad enn tidlegare.

Korleis dei to selskapa skal organisere seg framover vil no verte fokus for ein felles prosess mellom dei to selskapa. No er vi akkurat i ferd med å overta eigarskapen i Heliscan, og vi vil bruke litt tid på å legge gode planar for den vidare samordninga. Vi ynskjer å drifte Heliscan som i dag ein periode framover, høgsesongen 2022 står for døra, og det blir ikkje gjort større endringar i forkant av denne. Vi legg opp til at konkrete planar for samordning av selskapa vil vere klar utpå hausten i år, avsluttar Hårklau.

 

Kontaktpersonar:

Heliscan: Arnt Ring:  979 93 005

Airlift: Stian Hårklau: 482 06 117

 

Førde/Frosta 25. mars 2022

Frå Hovedkontoret til Airlift på base Bringeland

AktueltSynnove Iversen