Airlift har "kome heim" med nytt lokalt eigarskap

ARNE STANG INNGÅR AVTALE OM KJØP AV AIRLIFT ONSHORE AS FRÅ NHV GROUP; OSTENDE I BELGIA

Arne Stang er eit familieselskap eigd av familien Stang; Kjersti, Arne, Øyvind og Geir Olav. Dei har no inngått avtale om å kjøpe alle aksjane i Airlift Onshore AS.

Airlift Onshore er Nord Europa sitt leiande selskap innan helikoptertenester på land. Gjennom sine dotterselskap utfører dei flygingar over land og offshore både med helikopter og med droner for å gjennomføre visuelle inspeksjoner og arbeidsoppdrag. Airlift Onshore AS er eigarselskapet til dotterselskapet Vertech Offshore og Airlift AS. Begge er markedsleiarar på sine felt, og tilbyr høg kvalitet på spesielle og utfordrande helikopteroppdrag.

Vertech Offshore er lokalisert i Lillesand, og er internasjonal marknadsleiar for utskifting av flammetårn på oljeplattformer. Selskapet har utarbeidd ein unik metode for bytting av flammetårn i samarbeid med Airlift sine helikopterpilotar

Airlift AS er lokalisert på Bringeland, tilbyr både drone og helikopter tenester for å utføre inspeksjonar og andre oppdrag som ellers ville kreve store ressursar i form av timeforbruk. Airlift har 15 helikopter med base på Bringeland, Kinsarvik, Stranda, Flesland og Tromsø.

Arne Stang er eit eigarselskap som opererer innan område eigedomsforvaltning gjennom selskapet AK Stang Eiendom AS, fiskeindustri gjennom selskapet Karmsund Protein AS og fjellsikring gjennom Norsk Bergsikring AS.

Administrerande direktør i Arne Stang AS; Peter Midthun ser betydelige synergiar mellom eksisterande aktivitetar i Arne Stang og Airlift/vertech. “Det blir spennande å sy dette saman slik at vi får ei velfungerande selskapsgruppe som kan samarbeide på tvers og dra fordel av ulike fagområder. Vi har arbeidd men å få på plass denne avtalen iløpet av hausten, og er svært glad for at vi no er kommen i mål”.

Vi ser på Airlift Onshore som eit spennande selskap og trur at lokalt eigarskap vil være viktig framover, både for å utvikle selskapet og regionen. Utan Airlift si historie og lokalisering i Sunnfjord så hadde neppe Arne Stang AS investert så tungt i luftfart”, seier Arne Stang - styreleiar i Arne Stang AS

Konsernet Arne Stang Holding hadde i 2020, en omsetnad på MNOK 557. Airlift Onshore med dotterselskap forventar i år ein omsetnad på MNOK 300. Totalt vil det nye konsernet dermed få ein omsetnad på ca MNOK 850 og ca 185 tilsette.

NHV sin finansdirektør, Laurent Verhelst kommenterer avtalen slik: “Luftfart vil være ein ny aktivitet for Arne StangAS, men med den store kompetansen og den lange og gode erfaringa som selskapet i Airlift Onshore AS innehar, er eg sikker på at dette vil verte ein suksess i Norge”.

Stian Hårklau er Administrerande direktør i Airlift AS og er svært glad for å ha fått på plass lokale eigarar. “Vi har arbeidd med sal av Airlift ei tid, og vi er svært glade for at vi no er komme i mål med ein lokal eigar, slik at aktiviteten vi har bygd opp på Bringeland over meir enn 30 år kan fortsette og utviklast vidare”.

Frå Hovedkontoret til Airlift på base Bringeland

AktueltSynnove Iversen